Spel: MX Mayhem
Publisert den 03. Mar, 2010 av Jon Stødle i kategorien Spill
I MX Mayhem er du ein MX-kjørar som kjører bokstaveleg talt over stokk og stein. Spelet minner ein del om Elasto Mania eller andre spel i same sjangeren, kor ein fèr rundt på ein sykkel og må passe på å halde hovudet frå å treffe bakken.
Spelet bruker skjermkontrollar for å styarast, men det er tre ulike alternativ å velgje mellom. Du kan trykke på venstre og høgre side av skjermen for å aksellerere og bremse, medan du tipper på telefonen for å lene deg. Du kan velgje analoge kontrollar som gjer deg ein slags slider som du kan dra opp og ned for å skite vekt og gje gass og bremse. Til sist kan du velgje digitale kontrollar som enkelt og greit er fire usynlege knappar som du trykker på for å skifte vekt og gje gass og bremse.
Spelet har tre områder med nokolunde forskjellig utsjåande. Bakgrunna er den same og verdenen har skuffande få forskjellar mellom dei tre øyene. Kvart område inneheld 7 nivå som må låsast opp ved å spele i kampanjemodusen. Du kan deretter spele dei i treningsmodusen. Nivåa er ikkje spesielt vanskelege og ein har ikkje dei største problema å kom seg frå den eine enden til den andre.
Etter at du har komt deg gjennom nivåa er det avgrensa med underhaldning å få ut av spelet. Sidan det totalt berre er 21 nivå å spele gjennom er det avgrensa kor mange gonger ein orker å spele kvart nivå. For dei som har eit skikkeleg konkurranseinstinkt er det òg mogleg å prøve seg mot leiarlistene på nettet, kor det gjeld å kome seg gjennom nivåa fortast mogleg.
Vår vurdering av applikasjonen: 




Kjøp spelet i iTunes/AppStore (kr 6,00)
Følg iTelefonen og Jon Stødle på Twitter.
Relaterte videoer:




iTelefonen på Twitter
iTelefonen på Youtube