Spel: Flight Control
Publisert den 04. Feb, 2010 av Jon Stødle i kategorien Spill
I spelet Flight Control tek du rolla som kontrolløren i flytårnet på ulike flyplassar. Din jobb er å lande alle flya, utan at dei krasjer.
Sjølv om spelet kan starte litt treigt, går det ikkje lang tid før det kjem fleire fly om gongen og du må sende dei i store omvegar for at dei ikkje skal krasje i kvarandre. Blanda med at det er 4 ulike typar fly/helikopter som alle har ulik fart, er det vanskeleg å kalkulere når dei kjem til å nå rullebanen.
Spelet er mest underhaldane i korte intervall og passer difor perfekt når du har litt tid til overs. Det er òg flott at du kan spele musikk frå musikksamlinga di, i tillegg til å få lydefektane frå spelet.
Vår vurdering av applikasjonen: 




AppStore-lenke til spelet (Kr 6.00)
Relaterte videoer:




iTelefonen på Twitter
iTelefonen på Youtube