Spel: Auditorium
Publisert den 05. Mar, 2010 av Jon Stødle i kategorien Spill
Auditorium er eit spel som er vanskeleg å forklare, sidan det nesten er like mykje ein opplevelse som det er eit spel. Spelet går ut på at du skal dirigere ein form for lyspartiklar forbi små felt. Når grafen når til tops på alle felta har du klart puslespelet. Kvart felt har ein eigen melodi knytta til seg, så når ein sender partiklar gjennom feltet vert det lagt til eit lag med musikk til musikken i spelet, slik at du ender du opp med å dirigere ein symfoni.
Spelet har både ein gratisversjon og ein betalversjon. I gratisversjonen får du kun Akt 1 som inneheld sju delar totalt. I betalversjonen er det heile fem akter som inneheld alt frå fem til sju delar. Som om det ikkje var nok er det i tillegg tre utvidelsespakkar med fleire akter. Totalt er det 17 akter til å spele gjennom dersom ein kjøper betalversjonen og utvidelsespakkane.
Dei fyrste nivåa er ganske enkle og Akt 1i seg sjølv er inga utfordring, det er på dei seinare aktene at ein må tenke litt. Likevel hende det at eg løyste nokre av gåtene berre ved å leike meg fram til svaret. Totalt er spelet faktisk litt kort, men det er ganske stor gjenspelingsverdi ettersom det er fleire løysingar til mange av nivåa. I tillegg vert eit bilete av løysinga lagra i nivåmenyen, slik at ein kan samanlikne korleis ein har gjort dei ulike nivåa med andre.
Spelet er ein særskild opplevelse og er ikkje likt noko anna, eg vel å gje spelet 4 av 5 moglege.
Vår vurdering av applikasjonen: 




Kjøp Auditorium i iTunes/AppStore (kr 17,00)
Få gratisversjonen i iTunes/AppStore
Følg iTelefonen og Jon Stødle på Twitter.
Relaterte videoer:



iTelefonen på Twitter
iTelefonen på Youtube