Spel: Assassin’s Creed II

Publisert den 15. Feb, 2010 av Jon Stødle i kategorien Spill

1 Stjerne2 Stjerner3 Stjerner4 Stjerner5 Stjerner
Loading ... Loading ...

Ditt namn er Ezio Auditore og du er ein snikmordar. Du er del av eit brorskap og de er på leit etter ein artefakt som de er redde skal falle i feil hender. Midt under leitinga kjem du på sporet av Spanjolen, som er ein av hovudmennene bak det heile, og følgjer det for å ta problemet ved rota.

Spelet er absolutt eit solid spel til iPhone. Sjølv om kontrollane er skjermkontrollar, er dei betre gjennomført enn dei fleste. I staden for å simulere fysiske kontrollar, har det vorte laga kontrollar som tar nytte av funksjonaliteten til iPhone.

Spelet er solid og har fleire oppdragsmodusar med ulike mål og krav. Spelet gjer deg valet om å sloss, snikmorde eller berre lure deg rundt fiendane dine. Sjølv om spelet prøver så godt det kan, vert det litt repetetivt i lengden, men kan sikkert nytast i korte intervall.

Vår vurdering av applikasjonen: ★★★★☆

Kjøp Assassin’s Creed II i iTunes eller AppStore (kr 39,00)

Følg iTelefonen eller Jon Stødle på Twitter.

Relaterte videoer:

, , , ,

Legg igjen en kommentar