Spel: A Snake in the Grass
Publisert den 09. Mar, 2010 av Jon Stødle i kategorien Spill
A Snake in the Grass er nærast ein moderne versjon av det klassiske slangespelet som mange kjenner frå Nokia-telefonane tidleg på 00-talet. Du har ein slange som et og ved kvar matbete vert han bitelitt lenger. Medan spelet på Nokia-telefonane kun hadde eit nivå, har A Snake fleire nivå med ulikt design.
For å styre slangen trykker du på høgre og venstre side av skjermen, slik at slangen snur seg med og mot klokka, respektivt. A Snake har to ulike modusar: “Classic” og “Crazy”. I Classic er det vanleg Snake med eit hjarte om gongen som slangen må ete. I Crazy er det derimot hjarte i haugar og lass, i tillegg støyter ein òg på ulike “Power-ups” som gjer deg ulike bonusar over ei kort tid.
Spelet i seg sjølv vert fort gammalt. Det er fort ei avgrensing kort mykje ein orker å spele ein lilla slange på grøn bakgrunn. Spelet har støtte for OpenFeint som gjer det mogleg å enkelt konkurrere med vener på Facebook og Twitter, men når sjølve spelet ikkje er det friskaste gjer sjølv det avgrensa speleglede. Kontrollane har òg ein tendens til å irritere ettersom det ikkje alltid føles heilt naturleg å snu slangen i sirklar.
Alt i alt er det ikkje mykje her; 2 ut av 5 moglege.
Vår vurdering av applikasjonen: 




Kjøp A Snake in the Grass i iTunes/AppStore (kr 0.00)
Følg iTelefonen og Jon Stødle på Twitter.
Relaterte videoer:





iTelefonen på Twitter
iTelefonen på Youtube
simon
12. Mar, 2010
eg måtte selfølgelikt in å se på nettsiå
eg e altså bror te jon vis du lurte