iPhone-tips: Google-synkronisering
Publisert den 24. Feb, 2010 av Jon Stødle i kategorien Tips
Dersom du er som meg og har lagra alt kontaktinformasjonen din i Gmail og er gla i å bruke Google Calendar for å halde orden på gjeremåla dine, og ikkje har lyst til å setje alt opp for å bruke Mobile Me, er det heldligvis er løysing for deg.
For å setje opp Google på iPhone går du først inn i innstillingane og trykker på E-post, kontaktar og kalender. Velg deretter Legg til konto… og vel Microsoft Exchange.
Her fyller du inn gmail-en din i e-post-feltet. Gmail-en om att i brukarnamnfeltet og passordet ditt til Gmail i passord-feltet.
Du vil få opp ei melding som seier at han ikkje kan verifisere sertifikatet. Dette er ikkje noko å uroe seg for, alt ein treng å gjer er å trykke på Godta.
Du vil no få opp den same skjermen, men denne gongen på du fylle inn domene. Her skriv du m.google.com.
Deretter vel du kva som skal synkroniserast og vips så hamner Gmail-e-postane dine i E-post-applikasjonen, Google Calendar-hendingane dine i Kalender-applikasjonen og alle kontaktane din frå Google i kontaktlista di.
Følg iTelefonen eller Jon Stødle på Twitter.
Relaterte videoer:



iTelefonen på Twitter
iTelefonen på Youtube
crazytotto
25. Feb, 2010
Meget bra video