Anmeldelse: Accura/Accura Free
Publisert den 23. Feb, 2010 av Jon Stødle i kategorien Applikasjoner
Accura er ein applikasjon som viser deg kor mykje batteri som er att på iPhonen din. Appen har ei enkel listevisning som viser kva einhet du har, kor mange prosent som er att av batteriet og kor lengde det vil vare ved ulik bruk.
Lista over ulik bruk er faktisk ganske imponerande og varierer ifrå speletid i både 2D- og 3D-spel, til kor lang tid som er att dersom telefonen berre står i standby-modus.
Accura kjem i to versjonar, ein gratisversjon og ein betalversjon. Dei er heilt like og har like mange elementer i lista over ulike bruk, men betalversjonen har nokre ekstra funksjonar. For det fyrste så viser betalversjonen kor god batterihelsa er. Når helsa er 100%, er batteriet like godt som nytt. Når helsa vert dårlegare, vil batteriet ikkje halde på like mykje straum. Accura tek òg høgde for dårlegare batterihelse når applikasjonen rekner ut kor lenge batteriet kjem til å vare mellom kvar lading. I tillegg har betalversjonen innstillingar kor ein kan velje ulike tema, kva element som skal visast i lista over bruk og innstillingar for ulike åtvaringar.
Accura er ein applikasjon som kan brukast dersom du har eit behov for å nøye planleggje kor mykje du kan bruke telefonen for å ha batteri til du kan lade han på ny. Betalapplikasjonen har òg moglegheit til å åtvare deg når det er lite batteri att på iPhonen, noko som kanskje er litt overflødig med tanke på at du kan sjå batteriet på mobilen heile tida frå heimeskjermen. Accura speler derimot av ein lyd i tillegg til å fortelje at det er lite batteri, men for å få noko av dette må Accura kjøre, noko som nester verker mot sin hensikt.
Sjølv om Accura er ein flott applikasjon, vel eg å gje han 3,5 av 5 moglege.
Vår vurdering av applikasjonen: 




Kjøp Accura i iTunes/AppStore (kr 17,00)
Kjøp Accura Free i iTunes/AppStore (kr 0,00)
Følg iTelefonen eller Jon Stødle på Twitter.
Relaterte videoer:




iTelefonen på Twitter
iTelefonen på Youtube