Mega Jump – dinosaurhopping utan noko nytt
Publisert den 09. jun, 2010 av Jon Stødle i kategorien Spill
I Mega Jump styrer du ein liten dinosaur-liknande skapning som høpp på myntar som svever i lufta. Heile målet er å kome høgast mogleg slik at ein oppnår høgast mogleg poengsum. Dei fleste av dykk vil kjenne dette att frå mange spel som har vart populære i AppStore for ei stund tilbake.
Mega Jump sloss i ein marknad som allereie er full av gode spel som allereie har byggja ein solid brukarmasse og popularitet. Mega Jump prøver likevel å skilje seg ut frå mengden: dei har gått for ein stil som ikkje berre er gjennomført, men òg ser ut som om han har vorte arbeida med; i ei av dei nye oppdateringane fortèl dei at grafikken har vorte oppgradert til å sjå betre ut.
Medan ein flyg oppover kan ein òg plukke opp oppgraderingar og her er det ikkje snakk om ein oppgradering no og då, det er oppgraderingar heile tida. Det er på nivå med at ein plukker dei mest med uhell. Alle oppgraderingane derimot hjelper spelet til å verte meir morosamt, ettersom det nesten heile tida skjer noko med dinosauren din.
Under “Extras”-menyen kan ein finne fleire figurar ein kan spele med. Nokre av desse kan låsast opp, men mesteparten må ein kjøpe for 6,- kroner stykket. Figurane endrer ikkje på spelinga, det er berre kosmetisk. Ekstraane inneheld òg ei lita samling med bakgrunnar du kan lagre til iPhonen og bruke dei som låseskjermbakgrunn.
Alt i alt er ikkje Mega Jump noko nytt og det bringer ikkje noko særskild nytt til bordet. Spelet er kopla opp med OpenFeint slik at ein lett kan samanlikne seg med vener frå Facebook og Twitter eller heile verda, men det vert uinteressant i lengda. Spelet har ei underhaldningslengde på nokre spelingar og deretter vert ein lei av å prøve å få dinosauren til å samle myntar. Mega Jump får 2,5 ut av 5.
Vår vurdering av applikasjonen: 




Følg @iTelefonen og @jonstodle på Twitter
Diskuter denne artikkelen i forumet vårt
Relaterte videoer:




iTelefonen på Twitter
iTelefonen på Youtube
Vi deler iOS-lenker
Tweets that mention Mega Jump – dinosaurhopping utan noko nytt | iTelefonen -- Topsy.com
10. jun, 2010
[...] This post was mentioned on Twitter by crazytotto, iTelefonen.no. iTelefonen.no said: Fra iTelefonen.no: Mega Jump – dinosaurhopping utan noko nytt http://ow.ly/17GgGw [...]