TrafficRush – leik trafikkontrollør

Publisert den 08. jun, 2010 av Jon Stødle i kategorien Spill

1 Stjerne2 Stjerner3 Stjerner4 Stjerner5 Stjerner
Loading ... Loading ...

I TrafficRush er jobben din å halde orden på trafikken i travelt trafikkryss utan signallys. Bilar, motorsyklar og lastebilar kjem bokstaveleg talt frå alle retningar og det er din jobb å få dei gjennom krysset utan at dei krasjar i kvarandre. Konseptet er enkelt å forstå, men krever god timing for å klare å oppnå høge poengsummar.

Du har svært avgrensa kontroll over kjøretøya som kjem inn i krysset. Du kan anten trykke på dei for å få dei til å stopp ei lita stund eller du kan trykke på dei og dra fingeren i kjøreretningen og kjøretøya gjer ekstra på, slik at dei kjem raskare fram.

Når ein først starter er det berre nokre få kjøretøy som kjem om gongen, men til lenger ut ein kjem i spelet, jo fleire kjøretøy kjem på ein gong. Som om ikkje det gjorde ting vanskelegare held kjøretøya ulik fart. Nokre gongar kan det kome ein sportsbil eller ein motorsykkel i stor fart og øydeleggje heile systemet ditt. Andre gongar kjem det ein treig lastebil som ikkje kjører fort nok til å halde orden i systemet.

TrafficRush har eit stort problem: det er berre eit kryss å halde orden i. Spelet er morosamt og interessant i starten, men det vert likevel fort gammalt ettersom det ikkje er noko variasjon i spelet i det heile.

Spelet held ein liten statistikk som det kaller for morosame fakta, men som i realiteten er kor mange kjøretøy ein har “redda”, kor mange gongar ein har fått dei til å kjøre fort, kor mange gongar ein har spelt og kor lenge ein har spelt totalt.

Spelet har òg internasjonale toppoengsumlister som ligg på nettet, men det er irriterande at vert sendt ut or spelet og inn i nettlesaren for å få sjå dei. Det morosame derimot er at ein har ei eiga toppliste for Noreg, slik at ein kan sjå korleis ein gjer det mot andre her i landet.

TrafficRush klarte å underhalde meg i ti minutt før eg vart lei. Etter det var det berre speling for å sjå om det verkeleg ikkje var meir dybde i spelet enn det eg såg med fyrste augekast, noko det ikkje var. TraficRush får 1 ut av 5.

Vår vurdering av applikasjonen: ★☆☆☆☆

Last ned TrafficRush i AppStore

Følg @iTelefonen og @jonstodle på Twitter

Diskuter denne artikkelen i forumet vårt

Relaterte videoer:

, ,

Legg igjen en kommentar