Action Hero – gammaldags heltisme
Publisert den 05. jun, 2010 av Jon Stødle i kategorien Spill
ActionHero tèk deg tilbake til den tida kor action-heltane i filmane var ustoppelege og lekent banka opp skurkane med eit eller to velplasserte slag. Utan problem kunne dei gjere umoglege hopp, overleve utrulege fall og springe leikent på taket til eit kjørande tog.
I ActionHero gjer ein nett dette; spring på taket til eit kjørande tog. Spelet går i korte trekk ut på springe frå vagn til vagn medan ein banker opp skurkane ein møter på. I tillegg møter ein på både boksar som står i vegen og signallys som heng lågt over taket.
Til lenger ein kjem, kjem det òg nye skurkar som til dømes kastar objekt mot deg slik at ein må dukke unna for å ikkje verte truffen. Spring ein inn i ein skurk, kasse, signallys eller vert truffen av eit kasta objekt er runden over.
I hovudsak er dette heile spelet – ikkje noko meir. Ein kan sjølvsagt halde fram til evig tid for å få ein betre poengsum. Problemet er at det er så bakvend å registrere toppoengsummar at ein ikkje ser poeng i å gjere arbeidet.
Det vert òg hald oversikt over såkalla morosamme fakta, men i realiteten er berre desse kor mange gongar ein har hoppa, kor mange gongar ein har dukka og kor mange gongar ein har spelt. Til slutt vert det òg vist kor lenge ein har spelt til saman.
ActionHero er absolutt ikkje verd pengane. Du har opplevd heile spelet i løpet av tre minutt og frå der er det bokstaveleg talt rein repetesjon av det same om og om att. Det du ser av spelet i videoen, er det du nokon gong treng å sjå av ActionHero. Spelet frå 1 ut av 5.
Vår vurdering av applikasjonen: 




Last ned ActionHero i AppStore
Følg iTelefonen og Jon Stødle på Twitter
Diskuter denne artikkelen i forumet vårt
Relaterte videoer:




iTelefonen på Twitter
iTelefonen på Youtube
Vi deler iOS-lenker
Tweets that mention Action Hero – gammaldags heltisme | iTelefonen -- Topsy.com
05. jun, 2010
[...] This post was mentioned on Twitter by crazytotto, iTelefonen.no. iTelefonen.no said: Fra iTelefonen.no: Action Hero – gammaldags heltisme http://ow.ly/17D4ql [...]