Paracute – klarer du å lande på puta?
Publisert den 02. jun, 2010 av Jon Stødle i kategorien Spill
Paracute er eit spel kor ein skal leie ein liten teddybjørn med ein fallskjerm trygt ned noko som liknar ei gruvesjakt. På vegen ned er det fleire hinder som gjer det vanskeleg å navigere utan at bjørnen landar på ei hylle eller at fallskjermen vert øydelagd.
I starten er det enkle nivå kor ein kun må unngå å øydeleggje fallskjermen og treng berre å konsentrere seg om å plukke hjarter. Lenger ute i spelet derimot vert det vanskelegare og ein må navigere rundt ulike hinder, verte blåst opp av vifter på bakken og henge på krokar medan ein må rekne ut når ein skal gli vidare utan å treffe fiendar.
Paracute inneheld 30 nivå som vert meir kompliserte og vanskelegare å navigere gjennom til lengre ein kjem. Spelet introduserer heile tida nye hinder, fiendar og hjelpemiddel som gjer det meir vanskeleg og lettare å samle opp hjarter, respektivt. Ved å plukke opp hjartene får ein poeng som ein bruker for å låse opp nye nivå. For å låse opp det neste nivået må ein samle ein bestemt mengde med poeng i det gjeldane nivået.
Sjølv om Paracute er noko kort er det underhaldane medan det skjer. Nivåa har ei vanskekurve som stig med ein snøggleik som gjer at ein ikkje med eitt vert overvelda over kor komplekst eller vanskeleg nivået er. Ein kan òg navigere til stadar som er vanskelege å nå for å samle opp nokre ekstra poeng for å nå høgast mogleg poengsum.
Paracute er kort sagt eit spel som er vel verd pengane, spesielt dersom ein ynskjer å samle tre stjerner i alle nivå, sidan ein då må verkeleg lære seg nivåa utanboks, slik at ein klarer å navigere inn i dei hårfine gangane. Paracute får 4 ut av 5.
Vår vurdering av applikasjonen: 




Diskuter denne artikkelen i forumet vårt
Relaterte videoer:




iTelefonen på Twitter
iTelefonen på Youtube
Vi deler iOS-lenker