Harbor Master – kan du halde orden i havna?
Publisert den 27. mai, 2010 av Jon Stødle i kategorien Spill
Harbor Master er eit av spela som havner i pass-på-at-ingen-av-kjøretøya-krasjer-sjangeren, som ein har sett mykje til på iPhone. Spelet går i praksis ut på å styre båtar inn i ulike havner slik at dei kan laste av lasta.
Spelet starter enkelt med små båtar med kun ein kasse som last. Til lenger ut ein speler, jo større båtar støyter ein på. Det er båtar som har to og fire kassar som last. I tillegg til å ta lengre tid for å laste av, kjører òg dei større båtane treigare, noko som gjer at ein må rekne ut kor fort dei kjem fram og om ein klarer å ta ein mindre båt i mellomtida.
Når båtane har lasta av kargoen, må dei navigerast ut or havna att utan å krasje, noko som til tider skaper kaos. Som om ikkje det var nok kjem nokre båtar i tillegg med last som har ulike fargar, slik at båten må innom fleire havner for å laste av, noko som skaper enda meir kaos.
Når ein når visse mengdar med kargo som er levert vert nye havner låst opp. Frå den enkle havna med to lastestadar, til ei øy med tre havner, men hyppige syklonar. I den eine havna kjem det sjømonster som ein må trykke på for å drepe, elles blokkerer dei havnene til båtane. For å seie det kort: alle havnene har sin eigen stil og personlegheit.
Harbor Master lét deg òg konkurrere mot vener via bluetooth dersom de er i nærleiken av kvarande medan det speler. Det er òg mogleg å måle seg mot verda på topplistene, kor ein kan sjå korleis ein gjer det mot verda i kvar av havnene. Ein kan sjå statistikk på si eiga speling som viser kor mange skift ein har spelt, kor mykje kargo ein har teke imot og kvifor ei av havnene ein har spelt mest i.
Harbor Master er overraskande underhaldane med tanke på kor godt melka den ovanfornemnte kategorien er. Dei ulike bretta har skiljer seg godt frå kvarandre i spelestil, noko som held spelinga interessant. Dette spelet er mest sannsynleg det spelet eg har kost meg mest med av spela innanfor denne sjangeren. Spelet får 4,5 ut av 5.
Vår vurdering av applikasjonen: 




Last ned Harbor Master i AppStore (kr 11,00)
Diskuter denne artikkelen i forumet vårt
Relaterte videoer:



iTelefonen på Twitter
iTelefonen på Youtube
Vi deler iOS-lenker