Spel: geoSpark
Publisert den 22. apr, 2010 av Jon Stødle i kategorien Spill
geoSpark er eit av Critical Thought Games sine estetiske spel med ein eigen utsjånad som har vorte definisjonen på spela som alltid startar på “geo”.
Konseptet i geoSpark er å fjerne dei ulike figurane frå skjermen ved å trykke på dei. Dersom ein tek tak i ein av figurane kan ein dra han på figurar med same utsjånad og få ein gangebonus. Ein må òg passe på at ingen figurar med ulik utsjånad krasjar. Problemet er at dei vert trukket mot andre figurar når dei kjem i nærleiken av kvarandre. I tillegg skapar fingeren din eit gravitasjonsfelt, slik at figurane vert trukke mot fingeren til ein kvar tid.
Det er òg mogleg å måle seg mot verda via leiarlistene. Spelet bruker OpenFeint, så ein kan lett sjå om vener frå Twitter og Facebook er pålogga og eventuelt kva poengsummar dei har nådd.
geoSpark er utan tvil eit spel ein vert hekta på og berre må prøve å få ein høgre poengsum i. Rundane er korte og er difor det perfekte iPhone-spelet når ein har fem minutt til overs. Eg vel å gje geoSpark 4 ut av 5.
Vår vurdering av applikasjonen: 




Kjøp geoSpark i AppStore (kr 11,00)
Diskuter denne artikkelen i forumet vårt
Relaterte videoer:



iTelefonen på Twitter
iTelefonen på Youtube
Vi deler iOS-lenker