Anmeldelse: RealRadios

Publisert den 21. apr, 2010 av Jon Stødle i kategorien Applikasjoner

1 Stjerne2 Stjerner3 Stjerner4 Stjerner5 Stjerner
Loading ... Loading ...

RealRadios lèt deg høyre på radiokanalar som vert send via nettstraumar. Applikasjonen byggjer på Stream Networks sin netteneste RealRadios.com som lèt deg høyre på radio via veven.

Under “Hjem”-fana startar og stopper ein strøyminga av musikken og ein kan sjå favorittane ein har. Ein kan òg sjå nye radiokanalar og loggen over dei kanalane ein har høyrt på tidlegare. Det er òg mogleg å søke etter radiokanalar øvst i biletet. Ein kan då søke etter kanalar ved namn, lokasjon eller kva som vert spelt.

Under “Finn”-fana kan ein finne radioar ved å gjere søk på lokasjonar eller dra kartet dit ein er interessert å frå radiosendingar frå. Små nåler vil då falle ned på kartet, kor kvar av dei symboliserer ein radiokanal.

Under “Utforsk”-fana kan ein finne radiokanalar via sjangrar som til dømes Rock, Hip Hop eller Talk. Ein kan òg finne radiokanalar via lokalisering, kor ein vel verdsdel, land og deretter radiokanal.

Under “Verktøy”-fana kan ein setje heimstad, slik at ein lett kan finne lokale stasjonar, språk og handtere favorittar. Ein kan stille inn om ein ynskjer at RealRadios kun skal strøyme via WiFi og ein kan velgje å kun få vist kanalar som sender ein avgrensa mengde med data, slik at ein ikkje får kanalar som kjem til å verke dårleg. Ein kan òg føreslå nye kanalar ved å sende ein e-post til Stream Networks.

RealRadios er verkeleg ein omfattande applikasjon med ei lang, lang rekkje radiokanalar lagd inn. Applikasjonen krever at du lager ein RealRadios-konto, noko som er gratis, før du kan ta applikasjonen i bruk. Eg hadde òg nokre problemer med å strøyme nokre kanalar på ei dårleg WiFi-linje, men dette kan like godt ha vore radiokanalen sin feil. Eg vel å gje applikasjonen full pott, 5 ut av 5.

Vår vurdering av applikasjonen: ★★★★★

Kjøp RealRadios i AppStore (kr 39,00)

Tjeneste av StreamNetworks: http://www.streamnetworks.no/realradios/iphone
App utviklet av Apphuset: www.apphuset.com

Følg iTelefonen på Twitter.

Følg Jon Stødle på Twitter.

Diskuter denne artikkelen i forumet vårt

Relaterte videoer:

, , ,

En kommentar på “Anmeldelse: RealRadios”

  1. streamnetworks

    22. apr, 2010

    Godt brukergrensesnitt er et av de punktene hvor vi har gjort størst innsats. Når antall kanaler passerer noen få tusen, så begynner det å bli vanskelig å finne det du har lyst på hvis de ikke er veldig godt organisert, og man har et enkelt interface.

    Med RealRadios for iPhone kan du finne kanaler på mange måter – hvor samtlige er enkle, og lett tilgjengelig;
    - Dra deg rundt på kart eller søk på et hvilket som helst sted i hele verden, og RealRadios finner de kanalene som er i området for deg
    - Utforske sjangere (RealRadios har mer enn 600 sjangere, og de er godt organisert i en tre-struktur)
    - Utforske land og stater
    - Søke
    - Bruke favorittene
    - Bruke listen med nye kanaler

    I tillegg ligger RealRadios Ranking til grunn for visningen av alle lister. Dette betyr at kanaler som er gode flyter til toppen av listene.

    Så svaret på spørmsmålet; Med RealRadios er kanaler enklere tilgjengelig enn noen annen radioapp!

    Reply to this comment
  2. thomhess

    21. apr, 2010

    Om noen har prøvd denne, hvordan er denne i forhold til andre radio-applikasjoner? Jeg selv har prøvd både Plaza.no sin radio og DroolRadio, og er sånn halvveis fornøyd. Jeg er spessielt glad i et godt brukergrensesnitt, der DroolRadio scorer høyt, men tilgjengeligheten er ikke til å skryte av. har noen noen tanker?

    Reply to this comment

Legg igjen en kommentar