Spel: Final Fantasy
Publisert den 13. apr, 2010 av Jon Stødle i kategorien Spill
For de av dykk som er gamle nok til å hugse då grafikken på konsollane framleis overlot ein del til fantasien og datamaskinar var noko ungane med pengar hadde, hugser det kanskje òg Final Fantasy for NES.
Dei av dykk som savnar gode gamle dagar, kan no gjenoppleve desse dagane gjennom det fyrste Final Fantasy spelet som ein kan få i AppStore. Det er ein sann port av det originale spelet, med nokre ørsmå endringar som fiksa på nokre av feila i originalen.
Spelet går i korte trekk ut på å gjere små-oppdrag for karakterer ein møter for å progressere vidare i spelet. Mykje av tida går med i å utforske landområder enten til fots eller i båt.
Så lenge ein ikkje er i venlege områder kan ein støte på tilfeldige kampar mot monstre. Kampane er rundebasert kor ein vel kva kvar karakter skal gjere, deretter vert dei utført. Monstra som ein støter på angrip òg i løpet av runden.
Dette spelet er bokstaveleg talt av den gamle gode JRPG-sorten. Er du ein fan av Final Fantasy-serien sine tidlegaste spel eller berre glad i gode japanske rollespel er dette spelet absolutt for deg. Eg vel å gje spelet 4,5 ut av 5.
Vår vurdering av applikasjonen: 




Last ned Final Fantasy på iTunes/AppStore (kr 49,00)
Følg iTelefonen og Jon Stødle på Twitter.
Diskuter denne artikkelen i forumet vårt
Relaterte videoer:



iTelefonen på Twitter
iTelefonen på Youtube
Vi deler iOS-lenker
Kim
15. apr, 2010
Skru ned lyden litt når du spiller
Var litt for høyt i denne videoen.
Jeg ELSKER spillet + alle andre final fantasy spill<3
Jon Stødle
15. apr, 2010
Eg gløymte å skru ned lyden på klippa, ja. Plar å gjere det, sidan det dekker litt over stemmen.
Eg må innrømme at eg er òg er veldig glad i Final Fantasy-spela, men det er mest dei tidlegaste som er min smak.
Kim
15. apr, 2010
Enig
dere burde også test zenonia 2!